Tuesday, February 14, 2006

Tankar om diplom

Til hausten skal eg ta diplom, og no er det på tide å finne ut kva eg skal gjere!

Kva er mine sterke sider?
- konseptutvikling
- praktisk problemløysing
- prosess og systematisering
- kan litt om masse (form, interaksjon, musikk, film, data og programmering)

Kva vil eg helst gjere?
- bidra til å løyse samfunnsmessige problem og/eller bidra til eit lettare liv for enkeltmenneske
- eksperimentere og utforske ukjent terreng, både metodisk og tematisk
- begynne konseptuelt men ende opp med eit konkret, kommersielt og innovativt produkt
- jobbe med fysisk produkt så vel som software/grensesnitt eller system/service (overordna "formlaus" design). Eg vil gjere alt!

Aktuelle tema:

1. Digitalisering av kvardagen
a) Ettersom teknologien blir bedre og meir tilgjengelig er det mogelegheiter for at produkt både i og utanfor heimen får nye eigenskapar og grader av kunstig intelligens. Kva muligheter byr dette på? Dette opnar også opp for nye typar produkt.

b) Sjølv om vi berre kan vere ein stad i det fysiske rom, bevegar vi oss raskt mellom ulike mentale kontekstar. Teknologien nyttast effektivt for å gjere dette. Eg kan tenke meg å utviklinge nye konsept, produkt og tjenester knytt til kommunikasjon og bevegelse i det mentalt rom ved hjelp av teknologi.

c) RFID-teknologi og mogelegheiter innan produktdesign. Kva informasjon kan det vere interessant at eit produkt lagrar?

d) Universell design. Samtidig som befolkninga blir eldre kjem det stadig ny teknologi og nye produkt som samfunnet krev at vi skal forstå og bruke. Klarer alle å følge med på utviklinga?

e) Wearable computing
Kle med digital teknologi etc.

2. Samarbeid med Laerdal Medics i Stavanger
Denne bedrifta driv hovudsakleg med to typar produkt: treningsprodukt (fysiske og viruelle simulatorar for trening av medisinsk personale) og terapi/behandlingsprodukt. Så langt har vi diskutert to konrete alternativ:

a) Produkt for tilbakemelding ved hjerte-lungeredning.

b) Grensesnitt for simulatorprodukt.

3. Andre tema

a) Emotional design. Korleis påverkar ulike produkt oss gjennom alle sansar? Produktutforming og merkevarebygging.

b) Økodesign. Kva gjer ein produktdesigner som får dårleg samvittighet av vestens materialisme?

0 Comments:

Post a Comment

<< Home